Etter en rangel
Innspillinger
Jon Eikemo les “Etter ein rangel”: Kilde:NRK
Frøydis Armand leser “Etter en rangel”: Kilde:NRK
Ræga Råkkers - Etter ein Rangel: Kilde:YouTube
Tekst
Forfatter: Jakob Sande (1/12-1906 –- 16/3-1967)
I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv,
-trur eg.
Eg skal aldri gå på fylla meir og skjera folk med kniv,
-trur eg.
Eg skal aldri skråla visar meir i laddevinsrus,
men synge åndelege sanger i Zions bedehus,
-trur eg.
Alle kvinnfolk som eg møtar skal eg sky som bare fan,
-trur eg.
Og gå vyrdeleg forbi dei som ein nybakt kappelan,
-trur eg.
Eg skal sitte som ein munk i ein misjonskone-ring,
og drikka kaffe medan drøset går om andelege ting,
-trur eg.
Det skal ingen meir få sjå meg når det lir til høgste natt,
-trur eg,
koma ruslande på heimveg utan stivety og hatt,
-trur eg.
Eg skal legga meg når grisen går til kvile i sitt bol,
og stå opp når hanen flakser og gjel i morgonsol,
-trur eg.
Ja, i morgon skal eg byrja på den gode veg som sagt,
-trur eg.
Taka striden upp mot kjøtet og den heile develsmakt,
-trur eg.
Men i dag lyt det få vera, for eg er so spøkje tyrst
at eg må ha eit ølkrus til å leska meg på fyrst,
-trur eg.